Tur til Setålen

Bli med til fantastiske Setålen! Oppmøte ved Solvorn Fotogalleri. Her startar me turen mot stølen Setålen som ligger på om lag 350 meters høgd. På turen opp er det lagt inn stopp der me fortel om plantar,
dyreliv og naturbruken i Solvorn før Noreg vart eit rikt land. Turen opp går i
bratt furuskog, men med gode stiar. Me reknar med å bruke om lag 2 timar på turen
opp. 

 

Frå stølen er det fantastisk utsikt innover Lustrafjorden, Solvorn og Hafslo. Vel oppe
vert det servert lokalmat til lunsj. Om veret er fint et me ute. Er det dårleg vær et
me inne i stølshuset.

Etter eit godt måltid ruslar me nedover mot Solvorn. Me reknar med at heile turen
tek om lag fem timar.

Prisar:

Pris for fire personar inkludert guide og mat. Turen kan bli arrangert sjølv om de ikkje er fire, men prisen vert den same. 
kr 4000 .-

 

Per ekstra person.  

kr 750,-