Om oss

Sogn Naturmat har eige godkjend mottak for fisk og skaldyr, og godkjend røykeri for fisk. Produksjonslokala ligg i Sogndal, og kontoradressa er i Solvorn i Luster. Me har levandelagring av skaldyr, og sel sjøkreps, hummar og krabbe til utvalde butikkar, hotell og restaurantar lokalt og i Oslo.
 

Me driv og med naturguiding og tilbyr ulike aktivitetar i nærområdet. Utgangspunktet for desse aktivitetane er Solvorn fotogalleri i Solvorn. Her har me og ein liten sjølvbetjent butikk der me blant anna sel produkt frå eige røykeri.