Sjøkrepsfiske

På denne turen møter me i Solvorn fotogalleri i Solvorn. Kvitabui er ei nyrestaurert sjøbu. Her kler me oss opp for krepsefiske på Lustrafjorden. Me har ute
krepseteiner som me dreg opp og tømmer for sjøkreps og anna. Det er alltid spanande og sjå kva som er i teinene. Me reiser med to båtar, ein fiskebåt med hydraulisk utstyr for å dra opp teinene og ein følgjebåt.

 

Me dreg opp ei lenke med 10 teiner. Krepsen tek me med oss tilbake til galleriet, der
me lagar oss eit godt måltid av krepsen me nettopp har fanga.


Avreise er kl 10, og me er ferdig og god og mett av sjøkreps seinast kl 14.

Pris:

Sjøkrepsfiske inkludert mat. Maks. fire personar. 

kr 4000 .-