Flugefiske på Hafslovatnet
Hafslovatnet er kjend for sitt fine bestand av aure. Her kan ein kan fiske med fluge både frå land og frå båt. Det er lyst heile døgnet i juni og juli, og nattfiske er mogleg. Me har alt av utstyr og ordnar med transport. På turen tek me oss tid til ei matøkt med lokale produkt. Om ein vil fiske med fluge frå båt er det berre plass til ein fiskar. Ved fiske frå land kan me være fire personar totalt. Om fleire vil fiske i båt treng me ekstra guide og båt. 

Prisar:

Fisketur på 4-6 timar inkludert lokalmat guide utstyr. Me fiskar frå land eller med vadebukser. Maks fire personar. 

kr 4000 .-  


Fisketur på 4-6 timar frå båt. Mat inkludert. Maks ein person. 

kr 4000,- 

Ekstra båt og guide. 

kr 3000,-

Fisketurar utanom "normal" arbeidstid (08:00-18:00) vil medføre ein ekstra kostnad.